Helga og Hugo har levd eit langt liv i lag. Minna er mange og gjer kjærleiken sterkare enn før.
Men noko er i ferd med å skje. Helga gløymer ord og går seg bort.
Hugo hjelper henne så godt han kan. Han leitar etter henne og trøystar henne. Og han spør seg sjølv: Kor lenge kan han klare å ta vare på dei begge?