Etter dei fire kritikarroste og prislønna første bøkene Godnattboka, Eventyrboka, Trøysteboka og Monsterboka har forfattarane i denne boka lagt forteljingane bort frå det kvardagslege og til univers fulle av fabelaktige fantasivesen. Her møter du trådsneller som snakkar, dykkarklokker som går på land og Vesle som aldri har sett noko så merkeleg som eit menneske. Og om du ikkje har møtt verken ein grublebakkedink eller ein knurrebakkedink før, blir du kjent med dei her. Fantasiboka er den femte og siste boka i serien med nyskrivne nynorske forteljingar - antologiane som etter kvart har blitt klassikarar og samleobjekt i mange hus. Bøkene er for heile familien og fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing. Også denne gongen er boka illustrert av Gunvor Rasmussen som for første gong også har skrive si eige forteljing.
Fantasiboka
ISBN: 8279592393
ISBN 13: 9788279592396
Publication Date: November, 2016
Publisher: Skald
Pages: 208
Format: Hardcover
Authors: Gunvor Rasmussen, Brynjulf Jung Tjønn, Maria Parr, Erlend Kaasa, Odd W. Surén, Mette Karlsvik, Anders Totland, Øyvind Vågnes, Øystein Vidnes, Linn T. Sunne, Kari Smeland, Solfrid Sivertsen, Karl Seglem, Tor Arve Røssland, Ingelin Røssland, Lars Mæhle, Bente Bratlund, Guri Sørumgård Botheim